Informasjon frå landbrukskontoret

Her fylgjer litt informasjon frå landbrukskontoret vårt.

Produksjonstilskot

I år vert det omlegging av søknadssystemet for produksjonstilskot, med nytt system og nye fristar. Neste søknadsomgang vert i mai, med teljedato 1. mai og søknadsfrist 15. mai. Søknadsfristen er absolutt, og det er ikkje høve til å sende inn søknad etter søknadsfristen. Ev feil i søknaden kan rettast innan 14 dagar etter søknadsfrist. Søknadsomgangen i mai gjeld husdyrprodusentar. Bønder som berre har produksjon av grovfôr skal søkja i oktober.

Det er ikkje lenger høve til å søkje på papir, alle søknadar må sendast inn elektronisk via altinn. Om du ikkje har elektronisk ID for innlogging på altinn må du tinga dette i god tid før søknadsfristen. Som elektronisk ID kan du til dømes nytta BankID som kan tingast hjå din bank.

 

Landbrukskontoret arrangerer informasjonsmøte i forbindelse med omlegginga der du vil få ein introduksjon til det nye systemet:

Austrheim (Rådhuset/kantina): tysdag 2. mai kl 1930

Radøy (Rådhuset/ kommunestyresal): tysdag  9. mai 1900

På begge møta vert det og faginnlegg ved veterinær Sondre Juvik, og på møtet på Radøy kjem i tillegg Trygve Torsteinsen frå landbruksrådgjevinga for å halde eit innlegg om drenering.

 

SMIL-midlar

Søknadsfrist for SMIL-midlar for Austrheim og Radøy vert i år 15. mai. Søknadsskjema og meir informasjon finn du på kommunenes heimesider eller på www.landbruksdirektoratet.no Ta kontakt med landbrukskontoret ved spørsmål.

 

Anja E. Broch
Landbrukskonsulent
Felles landbrukskontor for Austrheim, Fedje og Radøy
Tlf 56349017 / 41456733

Web levert av CustomPublish