IdrettIngress_809x300

Idrett

I Austrheim kommune finn du eit mangfald av aktivitetar. Austrheim har tre idrettslag med ulike aktivitetar. Austrheim idrettslag, Austrheim motorsport club og Austrheim svømmeklubb.

HAVSPORT:
Du kan finna flotte turstiar, ballbingar og fotballbaner i Austrheim. Austrheim er ein kommune som ynskjer å framstå som ein havsportkommune der muligheitane er mange for deg som ynskjer å ta naturen i bruk.. Gjennom Nordhordland dykkarklubb kan du delta i eit godt dykkarmiljø og vera med på aktivitetar med fart på sjøen,
havsportsenteret i Mastrevik, drive av Oceanordic, tilbyr event og havsportaktivitetar, med Nordhordland padleklubb kan du ta deg ein tur mellom holmar og skjer. Frivannsliv kan hjelpe deg med fridykking og FjordGuiding kan gje deg ein luftig tur i ein av sine RIB-båtar. Seaway oceansport club er ein nystifta havsportklubb som er etablert i Austrheim.

AUSTRHEIM IL:
Idrettslaget er eit breiddeidrettslag som ynskjer å tilby aktiviteter for alle aldrar. Hovudaktiviteten i Austrheim IL er fotball. Laget har påmelde lag i nær alle årsklassar, og spelar heimekaper på kunstgraset i Austrheim Idrettspark og på Årås gras.

Mykje av aktiviteten går føre seg i Austrheimhallen. Her finn ein alt frå onsdagstrim med boccia, aerobic, styrkerom, klatring, leik/trim for dei yngste og gubbetrim for dei litt meir vaksne.

Friidrettsgruppa til Austrheim IL trenar på friidrettsanlegget i Austrheim Idrettspark. I den mørke årstida har dei treningstid inne i Austrheimhallen

Meir om Austrheim IL på www.austrheim-il.no

AUSTRHEIM SVØMMEKLUBB:
Austrheim Svømmeklubb blei stifta 9.4.2010. Medlemmane kjem  frå  Austrheim, Kaland og Lindås, og er i alderen 7 til 18 år. Det  er for tida ca 90 symjarar i klubben, delt inn i 7 grupper.

Treningane  foregår i bassenget på Kaland Skule og klubben har treningar tirsdag,onsdag og torsdag.

Klubben vert driven etter basislovnormen til NIF. Austrheim svømmeklubb har og ansvar for å halda bassenget ope for publikumsbading. Opningstider finn du her.

Meir om Austrheim svømmeklubb her

AUSTRHEIM MOTORSPORT CLUB:
Klubben trenar på bana i Austrheim Idrettspark.

Meir om Austrheim motorsport club her

Web levert av CustomPublish