Hoplandskvernane

Hoplandskvernane

- opplev steinalderstien og Hoplandskvernane

Hoplandsmarka

Turløypa Hoplandsmarka, Fosenstraumbrua - Kvernhusvågen - Litlelindåsgarden. Merka og opparbeidd rundløype, på omlag 4 km. Løypa er knytt saman med ein skogsveg som kjem frå Hopland. Skogsvegen og rundløypa går i felles trasè sørover til Snekkevika. Du finn ei rekkje gode fiskeplassar ved Fosenstraumen.

Steinalderbuplassar. Dei første austrheimingane slo seg ned ved den fiskerike Fosenstraumen alt for 10500 år sidan. På begge sider av denne straumen kan vi sjå fàr etter steinalderbuplassar. Utgravingar har vist merke etter busetnader gjennom heile steinalderen.

Her er funne pilespissar, steinøkser og andre reiskap.

Det var gneldring og skrål nede i fjøra. Den feite kobben låg no avliva. Karane skar med kvasse flintknivar, tørka seg i skjegget med blodute nevar. Kvinnfolka studerte skinnet med tanke på klede. Gamlingen la ved på bålet; snart blei det mat! Solbrune ungar hoppa rundt og kasta stein etter hundane som sleit i slakteavfall”. (Strilesoga I) Sjå turløypa Hoplandsmarka.

Hoplandskvernene. Tar du turløypa gjennom Hoplandsmarka, er det naturleg å stoppe ved dei gamle kvernhusa. Kvernene er nemnde alt i 1667. Dei har vore restaurerte i fleire omgangar. Under andre verdskrigen bar kvernene namnet Hopland bygdemølle og var i bruk. På 1970-talet blei kvernene restaurerte med støtte frå Austrheim kommune og Statens Kornforretning. Ved kvernene er det fint å raste, og vegen er heller ikkje lang til gode fiskeplassar. Du kjem også lett til Hoplandskvernene sjøvegen. Fortset du stien sørover, kjem du til steinalderbuplassane ved Fosenstraumen. Sjå turløype Hoplandsmarka.

 

Turtavle Hoplandsmarka - klikk her

Web levert av CustomPublish