Barnogforeldre

Velkommen til helsestasjonen

Årås helsestasjon er ein møtestad for foreldre og born. Ein stad der du kan møta andre i liknande situasjon samt snakka med fagfolk om ting du er oppteken av t.d. familiesituasjon, barneoppseding, kosthald, barn si utvikling, helse og trivnad mm.

Skulehelsearbeid er ein del av arbeidet som helsesøster og utfører.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta har som formål å fremja fysisk, psykisk og sosial helse og førebyggja sjukdom.

Tilbodet omfattar familiar med born/unge i aldersgruppa 0 – 20 år.

 

Helsestasjonen er lokalisert ved Austrheim legesenter i Kommunehuset ved Mastrevik Torg.

Opningstider:

Alle kvardagar utanom fredag, mellom 08.30-15.00

Tlf.nr: kontor: 56168211  / 41477713 / 94506746

 

Helsestasjon 0 – 6 år tilbyr :

Heimebesøk innan 2 veker etter fødsel

Ammerettleiing

Barnevaksinasjonsprogrammet

Foreldrerettleiing

Helsekontrollar

Råd og rettleiing

Legekontrollar 6 veker, 6 mnd, 12 mnd, 2 år og skulestart

Tilvising til spesialisthelsetenesta ved behov

Helseopplysning

Tverrfagleg samarbeid (td psykiatrisk sjukepleiar, psykolog mfl)

mm.

 

Fyrste kontakt mellom helsesøster og familie er ved heimebesøk, deretter 6 vekers kontroll på helsestasjonen,- så faste kontrollar ein gong pr mnd til bornet er eitt år. Deretter neste kontakt 15 mnd, evt.18 mnd, 2 år, 4 år og førskule. Helsestasjonslegen er med ved fem av kontrollane. Dette er dei faste avtalane. Individuelle avtalar og oppfylgjing utanom desse, vert avtalt med foreldra.

 

Web levert av CustomPublish