- velkomen til vårt eldorado her ute ved kysten

Havsportkommunen Austrheim

Havsportkommunen Austrheim ynskjer deg velkomen til å glede deg over fine forhold for aktiviteter på sjøen. Om du er fastbuande eller tilreisande håper vi du finn muligheter for å drive med det du liker best, om det er ein stille tur i kajakken, tøff kiting i Fedjeosen eller dykking i nokre av dei beste straumane i landet. Her ligg det meste til rette frå naturen si side. Det er opp til oss alle å ta fasilitetane i bruk.

For å vera ein ekte Havsportkommune må ein del fasiliteter liggje til rette, både når det gjeld anlegg, tilgang til sjø og når det gjeld frivillige lag og organisasjonar og bedrifter  som tilbyr  aktiviteter, kurs og samlingar. I Austrheim er det mykje arbeid som pågår for å gjera det enno meir attraktivt å drive havsport i kommunen.  Oversikt over organisasjonar og bedrifter som er knytt opp mot havsport finn du til høgre på sida.

Tre sentrale havsportsaktørar i Austrheim er:

Havsportveka, Nordic Oceansport Week, er eit årvisst arrangement fem dagar i august. På desse dagane samlast havsportentusiastar frå heile Noreg og ein aukande del internasjonale besøkande. Havsport står sjølvsagt i sentrum med aktivitetar som: rib/havrafting, kite, vannscooter, dykking, stand up-paddle, windsurfing, jollesegling, kystsafari med helikopter og segling. Også mat og kulturarrangement har fått ein viktig plass med musikk, gourmetmiddagar og beachparty. www.havsportveka.no

Havsportsenteret  i Mastrevikane, Oceanordic AS,  driv med event,kurs og utleige. Her kan du leige havsportutstyr og delta på kurs i til dømes kajakk, windsurfing og segling. Dei tilbyr og kurs som fører fram til båtførarprøva. Tilboda vender seg både til familier, grupper, firma og einskildpersonar. www.oceanordic.com

Kjelstraumen Vertshus. Her kan du bestille overnatting og nye havets delikatesser i restauranten

Web levert av CustomPublish