Ordførar i Austrheim Per Lerøy

Julehelsing frå ordførar Per Lerøy

God jul og godt nyttår.

Jul og nyttår nærmar seg og det er på tide å takka for året som no ebbar ut. På grunn av krisa i olje- og gassnæringa har dei siste åra vore svært krevjande for Austrheim kommune. Me har hatt høg arbeidsløyse og høge sosiale kostnader, men utfordringane som kommunen har hatt desse åra kan sjølvsagt ikkje samanliknast med dei utfordringane familiar og enkeltpersonar som har vore direkte råka av krisa har hatt. 

Mykje tyder på at me kan sjå enden på krisa og at forholda i næringslivet er i ferd med å normalisera seg. Dette er sjølvsagt svært viktig for dei som er direkte råka av krisa, men og for at me som kommune skal kunna levera gode tenester til innbyggjarar våre og vera i stand til å skapa den samfunnsutviklinga me ønskjer.

Eg vil takka våre tilsette for den flotte innsatsen de har gjort det siste året og for måten de og våre tillitsvalte saman med kommuneleiinga har samarbeida for å løysa dei økonomiske utfordringane kommunen har hatt. Eg er stolt over at de har vore i stand til å levere gode kommunale tenester med høg kvalitet sjølv i vanskelege økonomiske tider.

Austrheim har ein stor og aktiv frivillig sektor som er med på å forma samfunnet vårt på ein god og positiv måte. Eg er glad for at samarbeidet mellom kommune og frivillig sektor fungerer godt og vil nytta høvet til å takka alle som driv frivillig arbeid for innsatsen de har gjort i 2017.

Dei fleste av oss kan ta fri i jule- og nyttårshelga, men nokon må halda hjula i gang sjølv i høgtida. Eg vil senda ei spesiell helsing til alle dykk som skal vera på vakt i høgtida med ønskje om at de får rolege og fredfulle dagar.

Eg ønskjer med dette alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Beste helsing                                     

Per Lerøy                                                                                                                                                              

Ordførar

 

Web levert av CustomPublish