Frivilligsentralen

Austrheim kommune eig og driv Frivilligsentralen, og hovudmålsettinga er auka frivillig aktivitet - sosialt og kulturelt. Frivilligsentralen vil også vera ein pådrivar og ein støttespelar for lag og organisasjonar.

 

Vere ein møteplass for, og bindeledd mellom enkeltmenneske frå alle aldersgrupper, frivillige- og offentlege organisasjonar.
Opptre som katalysator for idear og forslag, samt bidra til auka aktivitet og samarbeid i nærmiljø og lokalsamfunn.

Frivilligsentralen er ein møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpe.

Treng du ”ein hjelpande hand” ta kontakt. Du kan ringe, eller komme innom på kommunehuset.

Målsetjing / Visjon:
Meir enn du gav fekk du att
 

Halldis Moren Vesaas



Dei frivillige er i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Kva du kan gjere, er det du sjølv som bestemmer. Nokre gonger er det mest behov for sosiale oppgåver, andre gonger kan behova vere innanfor kultur og fritid.

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?
Kontakt frivilligsentralen uansett!
 

 

Aktivitetar:Seniorsenter
Frivilligsentralen har aktivitetar på dagtid 4 dagar i veka.


Måndag kl. 12.00 Herretrim og sosialt samver.

Tysdag: kl 12.00 Dametrim og sosialt samver.
kl. 14.00 Tiriltunge barnekor

Onsdag: kl. 10.00 Dataklubb
kl. 13.00 Middag og sosialt samver

Torsdag:kl. 11.00 Strikkeklubb
kl 13.00 Kafé med bingo og sosialt samver med ulike innslag.
 

Ulike faste aktiviterar også på kveldstid:

  • Tango for to – første onsdag i kvar mnd. Kl. 19.00
  • Strikkekafe – anna kvar tysdag kl. 18.00
  • Helsedans – ein måndag kvar mnd. Kl. 18.00

Sentralen arrangerer også ulike kurs, konserter og foredrag.

Aktivitetar
•Praktisk hjelp
•Besøksteneste
•Formidling
•TV aksjon
•Kulturdagar
•Kurs
•Fadderteneste
 
 
Andre oppgåver som Frivilligsentralen står for:

Markering av Eldredagen

Markering av Verdens aktivitetsdag

Tenester for lag og organisasjonar

Følgjeteneste

Frivillige på Nordliheimen

Songtreff på Seniorsenteret

Musikaloppsetting med barnekoret

Ulike arrangement i tilknyting til Den kulturelle spaserstokken

 
Web levert av CustomPublish