Tur til Seteneset

Tur til Seteneset

Friluftslivets år

I Austrheim har kommunen, saman med lag og organisasjonar, lagt opp til ei rekke arrangement i løpet av Friluftslivets år 2015. Målet er å bidra til varig auka deltaking i friluftsliv, og gje auka merksemd om friluftslivet. Dette er ei nasjonal satsing der Miljødirektoratet er prosjektleiar. Du finn mykje informasjon på www.friluftslivetsar.no

NB! Det kan bli endringar i programmet, men desse prøver vi å korrigere etter kvart.

Friluftslivets år 2015.jpg

I Austrheim legg ein opp til aktivitetar for alle aldrar, og her er både aktivitetar som er innarbeidde og her er heilt nye aktiviteter. Det vil vera båt, sykkel og fotturar.

Fullstendig oversikt med datoar finn du på her på kommunen si heimeside og noko kjem i Kyrkjebakken, noko kjem på plakat og noko vert kanalisert rett til målgruppa, t.d. ungdomsarrangement.

Om du har idear til tiltak eller aktivitetar? Ta kontakt med Austrheim kommune på tlf. 56162000 eller på epost til folkehelsekoordinator på hdy@austrheim.kommune.no 

Så snart de har dato for eit arrangement klart, vil me oppfordra dykk om å legge det inn i kulturkalendaren. Kommunen nyttar denne klendaren til planlegging av arrangement for å unngå kollisjonar.

Her oversikt over arrangementa (du vil og finne dei i kulturkalendaren):

Torsdagsturar
Kvar torsdag fram til og med 21.mai og frå 3.sept og ut året.
Oppmøte kl. 1900 frå Austrheimhallen. Eigen turvert som leier turen som går ca 60 min
Arr: Folkehelsekoordinator

Opning av ny parkeringsplass og tur til Krossøygavlen
Naustmiljøet i Krossøy_1500x1000.jpg
Torsdag 16.april kl.19.00

I samband med at Austrheim kommune har etablert ny parkeringsplass i Krossøy, og det er komen ny veg inviterer Austrheim kommune ved ordførar Per Lerøy til opning av parkeringsplassen og til tur ut til Krossøygavlen. Ein lett og fin tur i flott kystnatur. Det er hyggeleg om mange vil delta både på inviinga av parkeringsplassen og på turen etterpå.

Arr: Austrheim kommune

Gjennom Austrheim på sykkel, del 1
Sundag 26.april kl. 10.00
Som ein del av aktivitetane i Friluftslivets år 2015 inviterer Austrheim kommune til ein sykkeltur gjennom kommunen. Dette er del I.
Oppmøte ved idrettshallen på Mongstad. Turen går derifrå til Monslaupen og ut til Bakka.  Derifrå vidare til Kjelstraumen.  Lunch og «historietime» i Kjelstraumen. Hege byr på rimeleg og god mat, eller et matpakken din her.  Etter kvile og mat går turen vidare til Kvalvågen og Stavesundholmen.  På Mongstad, i Kjelstraumen og Kvalvågen vil vi få orietering og eit historisk innblikk i desse områda. Dette vil vera ein roleg sykkeltur. Hugs hjelm og godt synlege klede.

Arr: Folkehelskoordinator i samarbeid med fleire.

Paintballdag
 15 Mai – på Soltveit - sjekk Austrheim ungdomsklubb si facebook. 
Arr: Austrheim ungdomsklubb i samarbeid med ungdomskoordinator på Radøy

Tur og quiz
Perioden 15.mai – 15.sept
Turløypene er naturleg nok opne heile året og dei vert mykje brukt. Frå 15.mai og t.o.m. 15.sept vil det henge plakatar med spørsmål på i fylgjande løyper:
Utkilen, Gassneset, Vardetangen, Øksnesmarka, Krossøy, Holandsmarka/Steinalderstien.   Ark til utfylling finn ein på www.austrheim.kommune.no eller ved å hendvenda seg på servicvekontoret på kommunehuset.

Bruk turløypene som trim-arena og som sosial møteplass, og løys quiz undervegs. Dette bør passe for heile familien. Det vert flotte premiar trekt ut blant dei som leverer rette svar 

Arr: Folkehelsekoordinator

Fredsmarkering på Selsøy
8.mai
Tradisjonen tru arrangerer Neptun pensjonistklubb fredsmarkering på Selsøy. Dette er gjort for å minnast det som gjekk føre seg på lyttestasjonen RISOR II på Selsøy, og den innsatsen som dei som var stasjonerte der gjorde, og ikkje minst det motet og den innsatsen delar av lokalbefolkninga i øyane gjorde.
For meir informasjon om tidspunkt og skyssbåt syner vi til eiga marknadsføring
Arr: Neptun Pensjonistklubb

NB - NY DATO - Ungdomsklubb for alle på Mastrevik kai
11. juni kl. 1700-2100
Ungdomklubben inviterer til familiedag som er open for alle.
Mulighet for havsportaktiviteter og sal av grillmat
Arr: Austrheim ungdomsklubb

Gratis introkurs kajakkurs
Kurs 1: Torsdag 23.april kl. 17.00-20.00 Oppmøte i Mastrevikane (påmeldingsfrist 21.april kl. 12.00)
Kurs 2: Torsdag 21.mai kl. 17.00-20.00 Oppmøte i Mastrevikane (påmeldingsfrist 19.mai kl.12.00)
Havsportkommunen Austrheim ynskjer å tilby innbyggjarane eit gratis introkurs i kajakkpadling. Kurset er det Nordhordland padleklubb ved Toril Marie Mulen som står ansvarleg for. Utstyr kan leigast/lånast. Begrensa antal plassar – førstemann til mølla………..
Aldersgrense nedad: 12 år
Påmelding: Austrheim servicekontor, tlf. 56162000 eller post@austrheim.kommune.no
Arr: Austrheim kommune og Nh-padleklubb
Havsportveka - kurs i kajakk.jpg

 

Verdens aktivitetsdag
Måndag 18.mai
På Seniorsenteret vert det som tradisjonen tilseier lagt opp til aktivitetar og turar, mat og song og musikk for seniorar i alle aldrar.
Å delta kostar kr. 50,- pr. person, men då kan du til gjengjeld vinna fine premiar på startnummeret.
Arr: Pleie og omsorgsavdelinga, Frivilligsentral, folkehelsekoordinator, fysioterapaut, Austrheim vidaregåande skule v/BU og Austrheim eldreråd

Tur til Seteneset
Onsdag 20.mai kl. 1800. Oppmøte på Mastrevik torg
Dette er ein av Nordhordland turlag sine onsdagsturar. Frammøte ved Mastrevik torg kl 18.
Turleiar: Øyvor Larsen (mob. 9532442). Meir info her: http://nordhordland.turistforeningen.no/activity.php?ac_id=60015
Pris: kr. 20,- for ikkje medlemmer og gratis for medlemmer i NH-turlag

Arr: Nordhordland turlag

IMG_6432.JPG

Opning av friluftsområde i Årvika
Laurdag 13.juni kl.13.00-17.00
Eit stort og godt samarbeid mellom Bergen  og omland friluftsråd (BOF), Fonnes bygdelag, grunneigar og Austrheim kommune har ført til at ein no kan opna eit av dei flottaste friluftsområda i Hordaland.  Dette vert ein stor familiedag med mykje aktivitetar, song og musikk. Her kan ein nemna aktivitetar som, t.d. frisbee, diversen havsportaktiviteter, suppe og grilling, og heilt sikkert andre ting.
Arr: Fonnes bygdelag, Austrheim kommune, BOF

OVERNATTING ÅRVIKA FOR UNGDOM
 Fredag 7. august overnatter Austrheim og Radøy ungdomsklubb i Årvika.
 Meir info når det nærmar seg.

Havsportveka
10.-16.august
Det vert høve til å prøva seg på mangt og mykje under Havsportveka 2015. 6 dagar spekka med havsportaktiviteter som dykking, padling, kiting og mange andre ting gjer at her kan ein vera riktig så aktiv. Havsportveka samlar lokalbefolkning, hyttefolk og tilreisande desse dagane.

BKK Summer Camp
10.-12. august i Årvika

BKK windsurfing og kite camp i Årvika
14.-16.augsut i Årvika

Padlesamling
14.-16.august i Rongevær

Meir om arrangementeta på www.havsportveka.no.
Kontakt post@havsportveka.no
Arr: Havsportveka v/Oceanordic AS

 

Gjennom Austrheim på sykkel, del II
Laurdag 22.august kl.10.00
Oppmøte Mastrevik kai. Turen går derifrå vidare via kommunesentrum, via Leikvoll og Solend til Hopland. Stopp ved Austrheim Kyrkje som er 150 år i år.  Ein kjapp tur nedom Austrheim kai vert det også. Derifrå går turen vidare utover Øyanevegen til Krossøy. I Krossøy vert det mulig å kjøpe fiskesuppe og få med seg arrangementet «I fiskarbondens rike» som er ein del av Kystsogevekene. På Matrevik kai, ved Austrheim kyrkje, på Austrheim kai og i Krossøy vert det korte historiske orienteringar.
Arr: Folkehelsekoordinator i samarbeid med fleire andre

 

Tur til Hoplandskvernane
Onsdag 26.august kl.1800. Oppmøte ved Fosnstraumen
Dette er ein av onsdagsturane til Nordhordland turlag.
Turleiar: Olav Nordanger.  Meir info her: http://nordhordland.turistforeningen.no/activity.php?ac_id=60050
Pris: Turene er gratis for medl. I Nh-turlag og kr 20 for ikke-medl.
Arr: Nordhordland turlag

Havsportdag for ungdomsskulane i samband med skulestart
August
Austrheim ungdomsråd vil invitere elevane på ungdomsskulane våre til ein havsportdag i Mastrevikane. Her vert det leik og moro på sjøen og på land. Grillmat vert det og. Invitasjon vert sendt til klassane på ungdomsskulane.
Arr: Austrheim ungdomsråd

Ungdom på jakt
Aug/sept
Saman med Nordhordland jakt og fiskelag ynskjer vi å introdusere ungdom for hjortejakt. Det vert kursing og mulighet for å delta med erfarne jegarar.
Meir informasjon vil verta kunngjort seinare.
Arr: Nordhordland jakt og fiskrlag

Familiedag i friluftsområdet i Øksnes
Sundag 6.september kl. 14.00
Vi legg opp til ein skikkeleg familiedag i Øksneset. Dette er også den nasjonale «Kom deg ut dagen».  Mulighet til å teste havsportaktiviteter, det vert grilling og det vert bading, leik og moro.
Arr: Austrheim kommune i samarbeid med Velforeninga i Dyrnes, Rebnord og Øksnes, Austrheim ungdomsklubb og BOF

Familietur på Steinalderstiar
Søndag 13. september kl.11.00: Familietur på Steinalderstiar ved Fosnstraumen Bru med Flintsmed Morten Kutschera. Start ved brua på Austrheimsida. Støvlar på! Nistemat med!
Arr: Austrheim Kyst- og sogelag

Austrheim på tvers, del 2
Sundag 20.sept kl. 10.30 i Kvalvågen
I eit ausande regn gjekk første del av Nordhordland turlag sine turar «Austrheim på tvers». Den gongen i Øksnesmarka. Del II går til Børilden med fottur rundt på denne veglause øya. Båttur til Børilden frå Kjelstraumen Vertshus til Børildvågen. Gå på gjengrodde stiar / historieforteljing. Støvlar på! Nistemat med! Pris båtskyss: kr 150 for medl. av turlaget og sogelaget kr 180 for ikkje-medl. Påmelding til Nordhordland Turlag tlf 99532442 el Austrheim kyst- og sogelag tlf. 93253736. Les meir av turen her http://nordhordland.turistforeningen.no/activity.php?ac_id=59893 Turleiar er Øyvor H. Larsen, mob. 99532442
Arr: Nordhordland turlag i samarbeid med Austrheim Kyst- og sogelag

Ferskavannsfiske i Fonnesvassdraget
Ein sundag til hausten, det kjem meir informasjon sidan.
Har du lyst til å prøve fiskelukka i eit av dei gode vatna i Fonnesvassdraget? Denne dagen har du mulighet til nettop det. Kjentfolk vert med og erfarne fiskarar vil dela av kunnskapen sin.
Ta med fiskeutstyr for ferskvassfiske og møt opp ved Purkebolvatnet på Fonnes.
Arr: Austrheim kommune, Grunneigarlaget for Fonnesvassdraget

Skøytedag på Fonnes
nov/des 2015
Om det vert trygg og god is på eit av vatna på Fonnes vert det laga til skøyte dag. Mykje leik og moro. Informasjon vert gjeven på kort varsel via kommunen si heimeside og Facbookside.
Arr: Austrheim kommune saman med lokale eldsjeler

Fisketur for ungdom
tysdag/torsdag
Når det vert varmare i veret trekkjer Austrheim ungdomsklubb meir ned på kaien i Mastrevik for å grilla og driva bading og andre havsportaktiviteter. Denne dagen vil Nordhordland dykkarklubb ta med ungdommar ut på fisketur. Vert det fangst vert denne tilberedt og lagt på grillen.
Arr: Austrheim ungdomsklubb

 

Web levert av CustomPublish