Frådeling av grunneigedom og adressetildeling

Frådeling eigedom

Generell informasjon om frådeling av grunneigedom

Her finn du opplysningar om oppretting av grunneigedom, festegrunn, seksjonering, anleggseigedom og arealoverføring som er søknadspliktige tiltak etter Plan- og bygningslova

21. november 2013 Les meir om eigedom her

Frådeling av grunneigedom

Vil du dele frå ei tomt, - eit tilleggsareal, justere grenser, eller etablere feste for meir enn 10 år, må du søkja kommunen om løyve.

18. november 2013 Les meir om deling av eigedom her

Grensejustering

Grensejustering er overføring eller justering av mindre areal mellom eigedomar, utført ved oppmålingsforretning over enkelte grenselinjer, som eiga sak eller som del av anna oppmålingsforretning. Grensejustering er først og fremst for å justere ulaglege grenser, ved makebytte, men kan også gjelde einsidig overføring av mindre areal. Det er maks 5 % av den minste eigedomen sitt areal som kan overførast ved ei grensejustering (totalt maks. 500 m2) Arealgrensa er sett for å hindre utilsikta verditap for eventuelle pantehavarar.
Rekvisisjon av grensejustering.
 

21. november 2013 Les meir

Arealoverføring

Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slipp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skjøte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
 

21. november 2013 Les meir

Adressetildeling

Offisiell adresse knyter ein bygning til vegnamn, husnummer og eventuelt bustadnummer.
Det er vedteke namn på alle adressevegar i kommunen.
 

21. november 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish