Høyring

Forslag til forskrift for tildeling av langtidsplass i sjukeheim i Austrheim kommune

Forslag til forskrift for tildeling av langtidsplass i sjukeheim i Austrheim kommune vert med dette lagt ut på høyring.
Frist for innspel er 15. juni 2017.
Send innspela til post@austrheim.kommune.no

eller

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Rådmannen

Forslag til Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim i Austrheim kommune- kriterier og ventelister.

Heimel: Vedtatt i Austrheim kommunestyre(xx.xx.2017), med heimel i lov 24 juni 2011 nr.30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m (helse- og omsorgstenestelov) § 3-2-a andre ledd, j.f lov 2. juli 1999 nr.63 om pasient – og brukarrettighetar. (Pasient- og brukerrettighetslov) § 2-1 e.

§ 1. Formål

Forskrifta sitt formål er å sikre at pasient eller brukar får nødvendige og forsvarlege omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 a, i samsvar med rettighetsbestemmelse i pasient- og brukerrettighetsloven §2-1 e.

 Forskrifta skal fastsette Austrheim kommune sine kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim, samt skildra korleis pasient eller brukar kan ivaretakast i ventetida.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld alle som bur eller oppheld seg i Austrheim kommune, og som har behov for langtidsopphald i sjukeheim der dette er det einaste tilbodet som kan gje nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Langtidsopphald i sjukeheim vert ytt ved Nordliheimen sjukeheim.  Austrheim kommune sitt tilbod om plass i bufellesskap – Vestlia- , omfattast ikkje av forskrifta.

 § 3. Definisjonar

Med sjukeheim forstår ein helseinstitusjon som fell inn under forskrift 16. desember 2011 nr.1254 om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon § 1 bokstav d og e, og § 2.

Med langtidsopphald meiner ein opphald i sjukeheim på ubestemt tid.

§ 4. Ansvar og mynde

Enkeltvedtak om tildeling av opphald ved sjukeheim i Austrheim kommune vert vurdert av Inntaksnemda. ( internprosedyre- ) Mynde for enkeltvedtak ligg hjå leiar for pleie- og omsorg.

§ 5. Grunnlag for vurdering og tildeling eller avslag

Austrheim kommune nyttar prinsipp om best effektive omsorgsnivå ( BEON) ved tildeling av tenester og tiltak i omsorgstrappa. Omsorgstrappa har tenester på ulike nivå der aukande hjelpebehov vert møtt med aukande og meir omfattande tenestetilbod/ ressursinnsats av ulik art. Tenester i heimen skal som hovudregel vere forsøkt før tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.

Ved vurdering tek ein desse omsyna :

  1. Ressursar og nettverk:
  1. Evne til eigenomsorg
  2. Psykisk helse/oppleving av utryggheit
  3. Pårørande og nettverk
  4. Butilhøve
  5. Endring i helsetilstand/diagnose/prognose
  6. Kognitiv svikt
  1. Kartleggingsverktøy:

Kartleggingsverktøyet Iplos er eit lovpålagt helseregister. Det skildrar hjelpebehov og ressursar til dei som søkjer eller mottar kommunale helse- og omsorgstenester. Nivået på hjelpebehov vert delt i tre grupper: noko/avgrensa behov – skår 1,5, middels til stort behov – skår 3, omfattande behov- skår 4,5

  1. Andre opplysningar:
  1. Opplysningar frå møte med pasient og/eller partsrepresentant for pasient.
  2. Resultat frå vurderings-/korttidsopphald i sjukeheim.
  3. Opplysningar frå anna helsepersonell og/eller andre som yter helse- og omsorgstenester. Gjeld m.a. resultat frå medisinsk behandling ved sjukehus.

Ved tildeling vil ein særskilt legge vekt på følgjande kriterier :

a)Personar med hjelpebehov der nødvendig kompetanse og utstyr for å sikre helseoppfølging og behandlingar som kun kan gjevast ved sjukeheimen.

b) Personar i sluttfasen av livet med behov for tilsyn og omsorg gjennom heile døgnet.

c) Personar med langtkomen demensliding som har behov for kontinuerleg oppfølging, skjerming og omsorg gjennom heile døgnet.

d) Langtidsplass skal i hovudsak nyttast for personer over 67 år.

Samtykke og informasjon:

  1. Samtykke frå pasient til å innhente ytterlegare opplysningar frå andre som er nødvendige for saksutgreiinga.
  2. Gi pasient den informasjon og rettleiing som trengs for at vedkomande skal kunne ivareta sine interesser i saka, herunder informasjon om betaling, jf. denne forskrift § 11 tredje ledd .

Pasienten har rett til å velja å la være å ta imot langtidsopphald i sjukeheim, med mindre vilkåra i lov 2.juli 1999 nr. 63 kapittel 4A er oppfylt.

Pasienten mister ikkje rett til å stå på venteliste ved å takke nei til eit tilbod som blir gitt av kommunen.

§ 6 Søknad og vedtak

Tildeling av langtidsopphald skjer på bakgrunn av helseopplysningar, søknad og vurdering av individuelle behov. På bakgrunn av dette vert det fatta enkelt vedtak.

Søknadsskjema finn ein elektronisk på kommunen si heimeside. Kan og hentast på sjukeheimen, eller servicekontoret. Søknad sendes til Nordliheimen Sjukeheim v/avdelingsleiar, Austrheimsvegen 1019, 5943 Austrheim.

§ 7 Venteliste

Om søkjar fyller kriterier for langtidsopphald, men kan få forsvarlege helse- og omsorgstenester i heimen i påvente av langtidsopphald, skal kommunen setje søkjar på vente/observasjonsliste om det ikkje er ledig plass. Ved ledig plass skal alle på ventelista vurderast av Inntaksnemda. Ved ledig plass skal den med størst vurdert hjelpebehov utifrå kriteriene i § 6 prioriterast.

Inntaksnemda har ansvar for å halda oversikt over personer som ventar og å vurdere situasjonen jevnleg.

§ 8 Tiltak i påvente av langtidsopphald i sjukeheim

Personar med vedtak og som ventar på langtidsopphald ved Nordliheimen sjukeheim, skal få andre nødvendige tenester for å sikre nødvendig og forsvarleg helsehjelp i ventetida.Det kan t.d vera auka heimesjukepleie, heimehjelp, dagsenter, støttekontakt, korttidsopphald og/eller andre tenester i omsorgstrappa.

Pasientar som mottar hovudomsorga frå pårørande, kan søkje om avlastande tiltak for særleg tyngande omsorgsoppgåver.

§ 9 Eigenbetaling

Kommunen si berekning av eigenandel følger av Forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester.

 

§ 10 Klage

Vedtak kan klagast til fylkesmannen, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2. Ein klage skal vere skriftleg, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-3.

Ein evt klage skal sendast til pleie og omsorgstenesta i Austrheim kommune, som tar saka til vurdering i første omgang. Om det ikkje vert gitt medhald, sendes klagen vidare til Fylkesmannen.

Klagefrist er 4 veker, og skal fremgå av vedtaket, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-5

For nærmare opplysningar, eller ved behov for hjelp til å fremje ein evt. Klage, ta kontakt med leiar for heimetenesta.

§ 11 Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft 1.juli 2017

Web levert av CustomPublish