Forsamlingslokale

I Austrheim har vi ei rekke større og mindre forsamlingslokaler. Fleire lag og organsisjonar eig og driv sine eigne hus, og om du ynskjer å leige lokaler tek du kontakt direkte med eigarlaget eller hendvend deg til servicekontoret for å få kontaktinformasjon.

Austrheim samfunnshus

Storstova i kommunen kan ein godt kalla Austrheim samfunnshus. Her vert både bryllaup og gravferder markert, julebord og runde dagar, basarar og loppemarknad, kurs og konferansar og ikkje minst kino finn stad her.  Gode forhold for konsertar, revy og teater.  Huset er eig av fleire lokale lag og organisasjonar, og det vert drive på dugnad. Huset inneheld stort og godt kjøken, kafe, storsal, garderobar, scene og fleire møterom. I storsalen er det amfi. Tilgjengeleg for rørslehemma.

For kontaktinformasjon – kontakt Austrheim kommune

 

Bedehus

I Austrheim er det fleire bedehus som framleis er i god og aktiv bruk.

Litlås bedehus på Litlås – eigar er Indremisjonen

Leirvåg bedehus i Leirvågen  -  eigar

Årås bedehus – huset er eigd og drive av Austrheim Indremisjon

Austrheim bedehus – eigd og drive av Pinsemenigheten

 

Kyrkjelydshuset

Austrheim kyrkjelydshus ligg like ved kyrkja. Til dagleg er det kyrkjelydskontoret som held til her. Huset inneheld to møterom, sal i kjellaren der det også er kjøkken. Meir om Austrheim sokn og kontaktinformasjon finn du her. Tilgjengeleg for rørslehemma

 

Litlås sanitetshus

Lindåsneset sanitetsforening eig og driv sanitetshuset på Litlås. Det gamle huset dei hadde på Litlås brann ned til grunnen i oktober 2010. Dette vart erstatta med eit nytt og tidsriktig . Tilgjengeleg for rørslehemma.

 

Bakkøy grendahus

Bakkøy grendalag eig og driv grendahuset i Synnevågen. Dette var tidlegare grendaskulen i bygda. Huset har både kjøkken og forsamlingssal. Huset kan leigast gjennom grendalaget. Kontaktinfo på Facebook.

 

Vardehuset

Vardehuset er eit grendahus som ligg på Fonnes i Austrheim kommune. Huset kan leigast til forskjellige arrangementet, ta kontakt med styret for meir info.

Tlf. 46423637/40288246

E-post: vardehuset@hotmail.com

 

Øksnes grendahus

Dyrnes, Rebnor og Øksnes velforening eig og driv grendahuset i Øksneset. Dette var tidlegare eit bedehus, men er no oppgradert og eit godt eigna forsamlingslokale for grendene. Her er det kjøkken og sal i kjellaren, medan storsalen er oppe. Tilgjenge for rørslehemma.

 

Seniorsenteret

Seniorsenteret ligg sentralt til i kommunesentrum. Den daglege drifta er det Frivilligsentralen som står for. Meir informasjon her

Web levert av CustomPublish