Folkehelse

Folkehelse i Austrheim

Ansvar for folkehelse er knytt opp til 40% av stillinga til prosjektkoordinator i rådmannen sin stab. Dette er eit samarbeidstiltak med Hordaland fylkeskommune.

 

Føremålet er å koordinera det førebyggjande arbeidet i kommunen og leia, utvikla og samordna folkehelsetiltak i Austrheim. Det er og etablert ei kommunal styringsgruppe. Koordinatoren er leiar for gruppa som vil arbeida med å forankra folkehelsearbeidet i dei ulike kommunale sektorane.

Folkehelsearbeidet har fokus på kosthald, røyking og fysisk aktivitet.
I samband med folkehelsearbeidet er det etablert ei kommunal styringsgruppe, der leiarar frå ulike kommunale sektorar er representerte. Gruppa skal syta for at folkehelsearbeidet vert forankra i dei ulike sektorane. Koordinatoren leiar gruppa.

Kontaktinformasjon:
Helge Dyrkolbotn, mob. 41662610, e-post: hdy@austrheim.kommune.no

Web levert av CustomPublish