Illustrasjon steinaldersti

Illustrasjon steinaldersti Asplan Viak

Fylkeskommunen med stor tildeling til Austrheim

Første steg for å løfta Steinalderhistoria fram i lyset

Dette var kjekt, seier ei lukkeleg Kari T Utkilen, leiar for kulturavdelinga i Austrheim kommune. Ho siktar til at Hordaland Fylkeskommune har løyvd 400.000 kroner til dette langsiktige prosjektet.

Det var utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland som har løyvd midlane etter ein grundig søknad frå Austrheim kommune. Vi ynskjer å gjera dei historiske steinalderfunna ved Fosnstraumen lettare tilgjengelege for alle interesserte, og med desse midlane er vi klare for å ta første steg på dette arbeidet, seier Utkilen. Ho peikar på at området har unik verdi med nasjonal interesse.

Første steg er å få etablert ein ny sti eit par hundrede meter inn i området. Denne må etablerast på ein skånsom måte slik at fornminna ikkje tek skade. Planane vidare er å lage til ein utkikksplass inne mellom steinalderfunna slik at ein kan sjå utover Fosnstraumen.

Vi har og ein stor jobb med å fjerna skogen og få til god sjødsel av området, seier kulturleiaren. No er eg svært glad for at vi kan ta første steg, legg ho til.

 

Her kan du lesa kva Hordaland fylkeskommune skriv om tildelinga

 

Web levert av CustomPublish