Vallogo

Vallogo

Førehandsrøysting - utvida opningstid mandag 7.9 - torsdag 10.9.

Du kan førehandsrøyste på Servicekontoret frå mandag 10. august til og med fredag 11. september.

Opningstider:

Måndag - fredag:  kl. 08.00 - kl. 15.30

Laurdag 05.sept.: kl. 10.00 - kl. 14.00

Mandag 7. sept. -  torsdag 10. sept.   utvida opningstid til kl.19.00.

Fredag 11. sept.: kl. 08.00 - kl. 15.30

 

Ta med gyldig legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nødvendig med valkort, men det går fortare viss du har det med deg.

Førehandsrøysting der du bur:
Veljarar som er ufør eller sjuk og ikkje kjem seg til røystelokalet kan søkje om å få røyste heime. Søknad om slik røysting kan du gjere per telefon 56 16 20 00, per e-post til post@austrheim.kommune.no, eller skriftleg til Austrheim kommune, valstyret, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.

Frist for å søkje om å få røyste heime er sett til tysdag 08. september 2015.

 

Førehandsrøysting på Nordliheimen
Onsdag 9. september kl. 10.30 - 12.30


Ønsker du å røyste frå utlandet?
Det kan du lese meir på valg.no

 

Web levert av CustomPublish