Følgjekort - ledsagerbevis

Følgjekort for funksjonshemma, "ledsagerbevis", er ei ordning som skal gje funksjonshemma sitt følgje/ hjelpar gratis tilgjenge når dei tek del i kulturarrangement.

Ta kontakt med servicekontoret for meir informasjon.

Ordninga med følgjekort skal vera eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed medverka
til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfata personar som har
ei funksjonshemming som vil vara minst 2 - 3 år. Ordninga vert vedteken og administrert av
bustadkommunen, men er gyldig for heile landet på dei stadene som aksepterer ordninga.

Søknadsskjema for følgjekort

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish