Flyktningar og Flyktningtenesta

I samsvar med norske og internasjonale verdiar og menneskerettigheter, har Austrheim kommune vedteke å ta imot flyktningar. Me gleder oss no til å ynskja velkommen 18 somaliske flykningar i løpet av 2013/2014. Dei som er på veg no har fått opphald i Noreg og har budd i eit asylmottak i Noreg ei god stund. Deira sak har vorte vurdert av UDI som så alvorleg at dei ikkje kan dra tilbake til heimlandet sitt. Derfor skal Austrheim kommune sørgje for å hjelpe dei å etablere seg her i kommunen.

Austrheim kommune er vel førebudd på at integrering er eit omfattande arbeid, og at ikkje alle forsøk på integrering er vellukka. For å lukkast med integrering har me ei rekke tilgjengelige tiltak, men me trenger også innbyggjarane sitt engasjement. Nokre av desse tiltaka er lovfesta, og nokre av tiltaka tilbyr me i Austrheim på bakgrunn av erfaringar frå våre nabokommunar. Når flyktningane kjem til kommunen har dei rett og plikt til eit introduksjonsprogram som bestå av norskopplæring –meir informasjon finner du her- og språk- og arbeidspraksisplassar. Me skal sørgja for deira deltaking i så mange lag og organisasjonar som mogleg. Dei kjem med mange born som me håper skal få ta del i det mangfald av fritidstilbod som Austrheim kommune har til born og unge.

Om du har lyst å bidra med noko i vårt arbeid med integrering, ta gjerne kontakt med:

NAV/Austrheim
56162000/55553333

eller

Rigmor Ludvigsen, frivilligsentralen
56162000
Rigmor.Ludvigsen@austrheim.kommune.no


Les meir om flyktningar i Noreg og rundt verden:
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrar (introduksjonsloven): http://www.lovdata.no/all/nl-20030704-080.html

Les meir om beskyttelse i utlendingsloven.
http://www.lovdata.no/all/hl-20080515-035.html#map004

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi):
http://www.imdi.no/no/Bosetting/

FNs verdenserklæring om menneskerettigheter:
Artikkel 14.
1. Ein kvar har rett til i andre land å søkje å ta imot asyl mot forfølging.
http://www.fn.no/Bibliotek/Avtaler/Menneskerettigheter/FNs-verdenserklaering-om-menneskerettigheter

Flyktningkonvensjonen:
Lenkje er på Engelsk http://www.unhcr.org/pages/49da0e466.html

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR):
http://www.unhcr.se/no/home.html

International Organization for Migration (IOM):
http://iom.no/index.php/no/

For ein rask oversikt over Somalia se CIA World Factbook Somalia:
Lenkje er på Engelsk
https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/so.html

Wikipedia side om Somalia:
NB! Du kan ikkje stole heilt på kva er skrevet i Wikipedia!
http://no.wikipedia.org/wiki/Somalia

Web levert av CustomPublish