Feiing og tilsyn av fritidsbustadar

1. januar 2016 fekk me ei ny forskrift om brannførebygging. Eitt av tiltaka i den nye forskrifta er at fritidsbustader får same krav til branntryggleik som heilårsbustader.

Kommunen pliktar no å gjennomføre tilsyn og feiing i alle fritidsbustadar med eldstad. 

Feiing og tilsyn i Austrheim

Ein kjem til å starte opp med feiing og tilsyn i år, men reknar ikkje med at ein rekk over alle fritidsbustadar i 2017.

For at feiaren skal kunne legge ein plan for gjennomføring for tilsynet, ynskjer me at alle eigarar av fritidsbustadar sender inn eit skjema med informasjon om bygget. Alle eigarar av fritidsbustadar skal ha fått dette skjemaet i posten. Det er og mogleg å fylle ut og sende inn skjemaet elektronisk. Skjemaet finn du nederst på sida her.

Dersom du eig fritidsbustad og ikkje har fått brev i posten, gje beskjed til kommunen.

Dersom kommunen ikkje får tilbakemelding, vil kommunen anta at fritidsbustaden har eldstad, og dermed skal ha feiing og tilsyn.

Årleg gebyr for feiing og tilsyn er kr 461 for ei pipe og kr 699 for to piper. Gebyret vil bli justert når kommunen veit kor mange fritidsbustadar som skal ha feiing/tilsyn. Gebyret blir rekna ut til ein snittpris per år, det vil si at du betaler same beløpet kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året.

Fritak frå gebyret forutset at du ikkje har eldstad.
Kommunen må få skriftleg beskjed dersom du ikkje har eldstad i fritidsbustaden.
 

Adkomst for feiing

Det er huseigar sitt ansvar at feiaren har tilfredstillande adkomst til eldstad og skorsteinen. Det kan anten vere stige/trinn på tak eller luke på loft.
 

Brannvarsling og manuelt slokkeutstyr

Eigar av bustad og fritidsbustad skal sørge for at bygget har tilstrekkeleg antal røykvarslarar. Det skal vere minst éin detektor eller røykvarsler i kvar etasje.

Eigar skal sørge for at bygget er utstyrt med minst éitt av følgjande slokkeutstyr:

  1. brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm, tilkopla vassforsyningsnett
  2. pulverapparat på minst 6 kg med ABC-pulver
  3. skum- eller vassapparat på minst 9 liter
  4. skum- eller vassapparat på minst 6 liter med effektivitetsklasse på minst 21A
  5. anna manuelt slokkeutstyr med tilsvarande slokkekapasitet






Har fritidsbustaden eldstad:
Adkomst for feiar:
Adkomst feiar, dersom ja:
Røykvarslar
Røykvarslar, dersom ja
Slokkemateriell
Slokkemateriell, dersom ja:
Web levert av CustomPublish