Fagdag Brannstasjon ingress

Fagdag for 9. klasse

Torsdag den 09.11.17 hadde vi besøk av elevar frå 9. klasse frå Kaland og Årås skule.

Først var det ein felles gjennomgang av  Olav Mongstad, Rolf Henning Myrmel og Wenche Myrmel  om kva type yrke som finst i kommunen og kva type utdanning som trengs for å få arbeid i kommunen. Her fekk dei også opplysningar om ulike lærefag som kommunene har og sommarjobbar.

Vidare delte vi gruppa i tre og dei fekk kome ut å sjå korleis det er å arbeide i Austrheim kystbarnehage, på Nordliheimen og teknisk drift og oppmåling.

Fagdag PLO 2.JPG

I pleie og omsorg vart vi tatt imot av fagleg ansvarleg for lærlingane innan helsefag Elin Veland Erichsen og lærling i helsefag Ulrikke Fonnes Haugland.  Dei fortalde først om sin arbeidskvardag og alle som ville fekk prøve heisen der ein skal få løfta opp personar frå golvet til ein stol.

 

Fagdag i barnehage 1.JPG

I Austrheim kystbarnehage vart vi tatt imot av styrar Britt Ystebø. Her fekk  dei  vere med på samlingsstund og frokost. Andre  var ute med borna og fekk ein smakebit på korleis det er å arbeide i ein barnehage.

 

Fagdag Brannstasjon 2.JPG

Ved teknisk drift  og oppmåling fortalde Hilde Hardang og Alf Kvant om kva arbeidsoppgåver som er på deira avdelingar. I tillegg fekk alle elevane oppleve korleis det er å vere brannmannskap og rykkje ut til brann eller ulykke.

Web levert av CustomPublish