Eldrerådet

Eldrerådet er eit rådgjevande organ og har til oppgåve å ivareta eldre sine interesser i saker og planar som er til behandling.

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. Eldrerådet er lovpålagt og det skal veljast av heradsstyret for valperioden.

Pensjonistforeningar og andre organisasjonar kan koma med framlegg på medlemmer til rådet.

Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar busette i kommunen, og det skal veljast personlege varamedlemmer.

Eldrerådet har i dag 5 medlemmer, inkludert 2 politikarar frå kommunestyret.

Eldrerådet får saksliste til formannskap og kommunestyret og kan gje uttale til dei sakene dei ynskjer.

Dei kan og ta opp andre saker på eige initiativ. Hovudansvaret er å ivareta dei eldre sine interesser i dei sakene som er til behandling.

Eldrerådet 2015 - 2019 er slik samansett

Medlemmer Varamedlememr
Morten Sognnes, H (k-styret)  Reidar Øksnes, Sp (k-styret)
Merethe Tresvik, Ap (k-styret)  (k-styret)
Idar Hopland, leiar (Neprun) Åse Helland
Solbjørg Sætre (Austrheim pensj.lag) Oddlaug Austrheim
Berit Hopland (Lindåsneset pensj.lag) Astri Elin Gjerde

Assisterande rådmann Olav Mongstad er sekretær for eldrerådet

Web levert av CustomPublish