Eigedomsskatt, ny taksering, på verk og bruk og anna næring for år 2017

Austrheim kommune har i kommunestyremøtet den 15. desember 2016 vedtatt eigedomsskatt på verk og bruk og anna næring gjeldande frå 01.01.2017 jf. esktl. § l, 3. ledd bokstav d.

Eigedomsskatten er fastsett  til 7 promille  jf. esktl. § 10.

Ny skatteliste for eigedomsskatt på verk og bruk og anna næring vert lagt ut til offentleg ettersyn i Servicekontoret på Kommunehuset og på kommunen si heimeside i 3 veker frå 6. november 2017. jf. esktl. § 15.

Det er kravd inn eigedomsskatt i ein termin tidlegare i 2017. Utskriven eigedomsskatt ve1i avrekna mot tidlegare  betalt eigedomsskatt  for 2017.

Eigedomsskatten forfell til betaling 08.12.2017.

Bruk tilsendte innbetalingskort ved betaling.

Eigedomsskatten skal betalast til fastsett tid og med dei beløp som først er fastsette, sjølv om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står til prøving for ein klageinstans eller domstolane, jf. esktl. § 25 (3).

Skattytar som meiner at utskrivinga er urett, kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.

Klaga må sendast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngj01i at eigedomsskattelista var utlagd eller skattesetelen vart sendt , jf. esktl. § 19.

Klage over verdi kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga, dersom det ikkje er klaga over same grunnlag tidlegare år i samsvar med esktl. §19. første ledd tredje setning.

 

Skriftleg klage på utskriven eigedomsskatt  ve1i å senda til :
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim



DOKUMENT:

Rammer for forvaltning av eigedomsskattenlova, taksering av bustad, fritid(L)(95125)

Retningslinjer for synfaring og taksering - taksering av bustad-, fritids (L)(92728)

Retnignslinjer for taksering av verk og bruk. Vedlegg til Rammer for lova (L)(95127)

 

 

 

 

Austrheim kommune

Eigedomsskattekontoret

Web levert av CustomPublish