Bustadtilpassing - tilskot i staden for hjelpemidlar

 Prosjekt bustadtilpassing er eit samarbeid mellom NAV og Husbanken. Tilskotet er behovsprøvd.

Prosjekt bustadtilpassing gjer at hjelpemiddelsentralen kan bruke folketrygden sine midlar meir fleksibelt i forhold til tilgjengelighet i bustad.

I praksis betyr det at der heis/løfteplattform til no har vore vanleg løysing, kan ein no få tilskot tilsvarande kostnad for heis/plattform til å gjere bygningsmessige endringar. Eksempel kan vere tilbygg eller ombygging slik at ein kan bu på 1. plan, eller tilrettelegging av tilkomst til bustaden. Slik ønskjer ein å sikre ein betre og varig løysing. Tilskotet kan nyttast saman med eksisterande ordningar frå Husbanken, for eksempel startlån og bustadstilskot.

Brukar /pårørande må sjølv stå som byggherre.

Husbanken har og tilskot som kan nyttast i utredning/prosjektfasen.

Austrheim kommune har oppretta eit team beståande av ein person frå servicekontoret som er kontakperson, fysioterapeut, heimesjukepleien og ein person frå teknisk avdeling. Teamet vil samarbeide med brukar (eventuelt pårørande) og vurdere muligheten for alternative løysingar til heis, gje råd og veiledning i forhold til finansiering/økonomi og det til det byggtekniske.

Kontakt Austrheim kommune, Servicekontoret for meir informasjon

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish