Brann og beredskap

Beredskapen i Austrheim skal takle uønska hendingar som spenner frå hendingar i forbindelse med petrokjemisk industri og transport av farleg gods til hendingar knytt til privat småbåttrafikk blant alle våre øyer. Det er utarbeid ein risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) for Austrheim kommune som dannar grunnlag for dette arbeidet. På desse sidene finn du informasjon om beredskap, krisehandtering og verneplikt.

Forholda i Austrheim stille store krav til dei som har ansvar for planlegging av beredskapen og dei som skal utføre redningsaksjonar. Planar og øving av mannskap må vedlikehaldast slik at tryggleiken til alle som bur, arbeider og oppheld seg i Austrheim kommune skal være akseptabel.

Beredskapsplan
Kommunen har ein beredskapsplan der det er laga rutiner og instruksar som skal følgjast dersom det oppstår ulike typar kriser eller katastrofar.

Brannberedskap
Brannvesenet skal på kort varsel rykke ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver.

Målsetjinga er å sikra menneske, dyr, miljø og materielle verdiar.

Kriseteam
Austrheim kommune har eit kommunalt kriseteam som består av personar med ulik fagbakgrunn. Kriseteamet si oppgåve er å sørgje for at innbyggjarane i Austrheim kommune får naudsynt oppfølging og hjelp i krisesituasjonar. Sjå også link til Fylkesmannen i Hordaland sine sider om krisehandtering.

Verneplikt
Noreg har såkalla allmenn verneplikt. Basert på vedtak gjort av Stortinget, vert eit bestemt tal vernepliktige kalla inn til førstegongsteneste kvart år.
Lenke til Det Norske Forsvaret
 

Web levert av CustomPublish