Bekymringsmelding for privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melde?

Viss du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller ein ungdom har bekymringsfull åtferd, bør du melde til barnevernet. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er galt før du melder. Du har observasjonane dine og erfaringar, så er det barnevernet si oppgåve å vurdere korleis meldinga skal fylgjast opp. Di oppgåve er å syte for at barnevernet får vite om barn og unge som har det vanskeleg.

Du kan ringe barnevernet anonymt dersom du vil drøfte saka før du melder.

Kan du vere anonym?

Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.

Du kan vere anonym for både barneverntenesta og familien det gjeld, eller du kan seia  namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg dersom vi har spørsmål eller treng utdjuping av meldinga.

Korleis melder du?

Du bør sende meldinga skriftleg. Då har du kontroll på kva du leverer og at det ikkje vert unødige mistydingar. Meldinga bør innehalde kven meldinga gjeld, konkret kva som gjer at du er bekymra, du kan gjerne gje fleire døme dersom det finst. Vidare må meldinga seie noko om kor tid det bekymringsfulle vart observert, ein gong eller over lengre tid, om det er andre som kan ha opplysningar til saka. Meldinga må også innehalda  kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje veljer å vere anonym.

Trykk her for å laste ned meldeskjema

Melding kan sendast i posten eller på epost.

Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då  skrive ned meldinga ilag med deg i møtet.

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting  på at meldinga er mottatt.

Dersom du har sendt ei melding, men seinare framleis er bekymra, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

Web levert av CustomPublish