Du er her: Start»Tenester»Barnevern

Barnevernet

Barneverntenesta skal bidra til å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet har eit spesielt ansvar for å avdekkje omsorgssvikt, adferds- og emosjonelle problem. I tillegg skal barnevernet, saman med andre hjelpetenester i kommunen, bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår gjennom generelt førebyggjande arbeid.

Treng du hjelp?
Informasjon til barn og ungdom. Kva nummer kan du ringe til på kvardagar, i helger eller på heilagdagar?

Bekymringsmelding - for privatpersonar
Her finn du informasjon om når bør du melde, korleis du skal melde og korleis vi følgjer opp meldinga di. 

Bekymringsmelding - for offentleg tilsette
Her finn du informasjon om meldeplikta til offentleg tilsette, korleis du skal melde og korleis vi følgjer opp meldinga di. 

Tiltak i barnevernet
Dette er ei lenke til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine sider om tiltak i barnevernet. Her finn du informasjon om hjelpetiltak i heimen, barnevernsinstitusjonar, familieråd, fosterheim, sentre for foreldre og barn, åtferdsvanskar og omsorgssentra for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. 

Web levert av CustomPublish