Barnehage02

Barnehagetilbodet i Austrheim

I Austrheim kommune har vi to barnehagar. Austrheim Kystbarnehage som ligg i kommunesentrum, like ved Mastrevik torg og Kystlandsbyen, og Kaland barnehage som er bygd saman med Kaland barne- og ungdomsskule i nærleiken av Mongstad.

Begge barnehagane driv kunnskapsbasert utviklingsarbeid etter prisnippa for lærande organisasjonar. Dei er godt i gang med å implementere "De utrolige årene" som er eit program for foreldre, born og tilsette med tanke på førebygging av åtferdsproblem hjå born. To andre viktige hovudfokus er språkutvikling og sosial dugleik.

Kaland barnehage, Vardevegen 47, 5953 Fonnes tlf. 56 16 21 01
Austrheim Kystbarnehage, Setenesvegen 22, 5943 Austrheim tlf. 56 16 21 70

Austrheim har god barnehagedekning og eit opptak pr. år. Frist for å søkje plass er 1. mars.

 

For å søkje om ny barnehageplass eller endring av barnehageplass må du bruke skjema under "Sjølvbetening" til høgre på denne sida. Nytt barnehageår byrjar i midten av august kvart år (ved skulestart). Om du ønskjer å endre tal dagar i barnehagen må du hake av for søknad om byte av barnehageplass i skjema.


 

Web levert av CustomPublish