Opning av Austrheimparken 2

Opning av Austrheimparken 2

Austrheimparken – i sentrum av kommunen

Tankar om å etablere ein eigen park i sentrum av kommunen koma tidleg på 2000-talet. Det var Unge kvinners Sanitetsforening som først kom med innspelet. Dei er ein del av Årås sanitetsforening.

Fleire forsøk vart gjort, men det heile stoppa opp då ein ynskte ein betre trafikal løysing inn forbi kommunehuset og inn til Mastrevik Torg og til Kystlandsbyen.

Då trafikkløysinga var på plass vart arbeidet med parken tek opp igjen, og med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune, diverse avsette fondsmidlar, og ikkje minst med løyving frå Austrheim kommunestyre vart arbeidet igjen sett i gang.

Parken vart ferdig og det vart lyst ut namnekonkurranse. Kommunestyre gjorde i møte 21.10.15 vedtak om at parken skulle ha namnet Austrheimparken, og at den runde plassen i parken skulle kallast opp etter den mangeårige ordføraren Sameul Lervåg. Les meir her.

Den 29.oktober møtte mellom 200 og 300 personar fram for å ta del i opninga av Austrheimparken og Samuel Lervågs plass i kommunesentrum. Ordførar Per Lerøy og varaordførar Anne Dahle Austrheim klyppte snora og skulekorpsa frå både Kaland og Austrheim spelte. Det vart ei flott ramme og ei flott markering. Mange av dei frammøtte nytta høvet til ein rusletur i parken etter snorklyppinga.

I alt har 16 bedrifter og Årås sanitetsforening bidrege med pengar for å få lyssatt parken. Bedriftene er
Fosnøy bilsenter AS, Kjelstraumen Vertshus AS, Knuter Catering og service AS, Dalevoko Ltd, Sognnes AS, Byggmester Markhus AS, Markhus bolig AS, Kystlandsbyen utleie AS, Nordhordland Næringshage AS, AS Austrheim Næringsselskap, Nordhordland Grunn og Betong AS, Mastrevik Eiendomselskap AS, Cambio AS, Sparebanken Vest, Torghsuet AS, Årås sanitetsforening

 

Skulpturell minibru

Elevar ved Austrheim vidaregåande skule, byggfag,  har bygd ei skulpturell minibru som er plassert over vannspeilet i Austrheimparken.

Torsdag 3.desember kl. 13.00 var det opning av brua med 300 personar tilstades.

Brua er ein kopi av den brua som Kunsthøgskolen i Bergen sette opp på torget i Bergen og som no skal plasserast i Kystlandsbyen. Prosjektet med minibrua er eit samarbeidsprosjekt mellom Austrheim vidaregåande skule, Kunsthøgskulen, Kunsthuset Austrheim og Kystlandsbyen. Også Byggmesternes Servicekontor og Byggmesterforbundet Region Vest er delaktige.

Ta ein kikk her:

Strilen: http://www.strilen.no/incoming/Uvanleg-snekkarkunst-393633.html

Nordhordland: http://www.nordhordland.no/nyhende/nordhordland/austrheim/brubyggarane-sloss-mot-v-ret/s/5-33-42193

Web levert av CustomPublish