AUK2_809x300

AUSTRHEIM UNGDOMSKLUBB

Austrheim kommune har ein ungdomsklubb som flyttar inn i nye Ungdommens hus 31.01.2015  Her er det aktivitet kvar tysdag og torsdag frå 18-22. På klubben kan du henge med venar, spela biljard, airhockey, brettspel, Wii, X-box, scrape, sy eller surfe på nettet. Du kan snakke med dei vaksne som jobbar der om alt.

Austrheim Ungdomsklubb skal drive ein open treffstad for ungdom i Austrheim kommune. Ungdomsklubben skal utvikle venskap og trivsel hjå ungdomane i eit røyk- og rusfritt miljø. Klubben har som mål å gje unge eit variert og positivt fritidstilbod med klubbkveldar og gruppeaktivitetar.  Ungdomsklubben skal være ein uformell møteplass.

Austrheim ungdomsklubb er ein medlemsklubb, alle ungdommar som har teke til i 8. klasse kan vera medlemmer i klubben til og med det året dei fyllar 18 år, som medlem får du rabatt på arrangement og er medlem i ungdomsorganisasjonen Ungdom og fritid. Når du er medlem i AUK er du automatisk medlem av LARM som er samarbeid mellom Lindås, Austrheim, Radøy og Meland. Gjennom Larm er du medlem av Frilyndt Norge.

Medlemskap i Austrheim ungdomsklubb: kr 300,- gjeld fram til sommaren 2014.

Pris pr. klubb kveld: kr 20,- utan medlemskap.

 

Austrheim Ungdomsklubb er ein kommunal klubb underlagt kulturkontoret. Klubben er et frittståande organ og vert driven ut frå eigne vedtekter og har ein klubbleiar, Heidi Pedersen Sylta, som har overordna ansvar for klubben i lag med styret. Klubben samarbeider med foreldreråda ved skulane i kommunen og med undervisnings- og kulturkontoret.

STYRINGSORGAN i AUK

Styret for Austrheim Ungdomsklubb skal ha følgjande samansetting:

· Leiar av Austrheim Ungdomsklubb (tilsett av Austrheim Kommune)

· Styreleiar

· Nestleiar

  • 4 Klubbmedlemmer valt av medlemmene i klubben med vara (2 år).

                2 frå Kaland og 2 frå Årås skulekrins. Det skal være fordelt på ei jente og ein gut.

  • 2 representantar frå Austrheim Vidaregåande. Ein gut og ei jente.
  • 1 Foreldrerepresentant valt av foreldrerådet ved Årås skule (2 år)
  • 1 Foreldrerepresentant valt av foreldrerådet ved Kaland barne- og ungdomsskule (2 år)

· 1 repr. frå Austrheim kommune, som rådmannen peikar ut.

 

LEIINGSGRUPPE BLANT UNGDOMMANE

Gruppa skal kunne laga klubbreglar, bestemma aktivitetar, arrangement, planlegga økonomien og liknande. Leiar og styret skal rettleia gruppa.

Web levert av CustomPublish