Austrheim Kystbarnehage

Austrheim Kystbarnehage

Austrheim kystbarnehage

Austrheim kystbarnehage stod ferdig august 2013, og erstatta då tidlegare  Årås barnehage. Barnehagen er ein kommunal barnehage som har 144 plassar fordelt på 6 avdelingar.  

Den nye barnehagen ligg sentralt i kommunesenteret med tilgang til kommunehus, idrettshall, idrettsbaner, aldersheim, brannstasjon, skule og butikksenter. Den flotte leikeplassen rundt barnehagen gjev mange utfordringar og inviterer til ulik type leik.  Området er oversiktleg og er ein trygg og spanande leikeplass for borna.   

Rundt barnehagen er eit flott og variert  turområde med skog og mark . Hovudsatsingsområda  våre er kystkultur og sosial kompetanse.   Me ynskjer å la borna verta meir kjent med den kulturen dei er ein viktig del av. Barnehagen disponerer eigen båt slik at me kan ta borna med ut i den fantastiske skjærgården vår. Me vil gje borna gode opplevingar ute slik at dei vert glad i heimstaden sin og får kunnskap om kulturen rundt.

Motto til logoen vår er " Barn i medvind"

Det er viktig for oss at borna utviklar seg som einskildindivid og saman med andre i grupper. Lære å vise omsorg, respektere kvarandre og ha vaksne som gjev trygge rammer.

Barnehagen arbeider for å skape miljø som motiverer til leik og læring. Me har eit stabilt personale som har god kompetanse, brei erfaring, glimt i auga og ser borna som dei er.

Kontaktinformasjon:

Austrheim kystbarnehage

Styrar Britt Ystebø 56162170 - e-post: britt.ystebo@austrheim.kommune.no

 

Avdelingar:

Kråkebolle 0-2 år
Sjøstjerne 0-2 år
Krabbe 2-3 år
Flyndra 3-6 år
Lyr 3-6 år
Makrell 3-6 år

Opningstider:
7.15-16.30 Opphaldstid er 9 timar.
2,3,4 og 5 dagar tilbod.
 

Web levert av CustomPublish