Austrheim kystbarnehage har ledige barnehagelærar stillingar

Stillingar

Det  vil det bli ledig 2 barnehagelærarstillingar i Austrheim kystbarnehage. Begge stillingane er vikariat.

100 %  frå 01.02.18 - 31.07.2018

100% stilling frå 01.02.2018 -  31.12.2018.

 

Avdelinga.

Austrheim kystbarnehage  er ein av dei to kommunale barnehagane i Austrheim.  Barnehagen har i dag 105 barn som er fordelt på 6 avdelingar. Det er 37 tilsette,  og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

 

Me er stolt og fornøyd med utforminga av  barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom , i tillegg gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Alle avdelingane har eigen inngang med eigen

grov - og fingarderobe. 

Rundt oss har me, for utan ein fantastisk leikeplass, flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg.  Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje barna gode opplevingar og la dei erfare det beste med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen. 

 

 

 

Krav til stillinga.

Me ynskjer personale som kvar dag møter barna med varme, omsorg  og engasjement. Store deler av personalgruppa har gjennomført Duå, De utrolige årene, og dette er ein viktig reiskap i arbeidet for å ivareta borna. I ein travel kvardag er me avhengige av barnehagelærarar som planlegg og gjennomfører aktiviteter som samsvarar barnehagen sine mål og føresetnader.  Ein som samarbeider, er kreativ og arbeider sjølvstendig, som arbeider for å gje borna ei rik og allsidig utvikling og motiverer til leik og læring. 

 

Me kan tilby.

Eit fagleg og godt arbeidsmiljø.

Gode arbeidsplassar og godt tilrettelagte tiltak for planlegging.

I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hjå oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlaget  i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.

 

 For nærare opplysningar kontakt styrar Britt Ystebø tlf. 56 16 21 70.

 

 

Søknad med CV, vitnemål og attestar vert å senda

 

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,

Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

 

Søknadsfrist : 26.12.17

 

Web levert av CustomPublish