Austrheim idrettspark - flyfoto

Austrheim idrettspark - flyfoto

Ein stad for fysisk utfalding gjennom idrett, leik og sosialt samvær

Austrheim idrettspark

Austrheim Idrettspark er ein flott og moderne idrettsarena med moglegheit for mange ulike idrettar.

Idrettsparken inneheld Austrheimhallen, kunstgrasbane for fotball, friidrettsanlegg med 6 løpebaner à 400m med kunststoffdekke og sektorar for kast og hopp. Du finn også ballbinge, skaterampe, bane for enduro og ei flott turløype som går til Gasseneset.

Austrheim IL står for mykje av aktivitetane på kveldstid, men anlegget er ope for alle. Årås skule og Austrheim vidaregåande skule brukar Idrettsparken til deira kroppsøvingstimar.

Web levert av CustomPublish