Austrheim Heile Livet - Eit samfunnsutviklingsprogram

Austrheim Heile Livet er kommunen sitt samfunnsutviklingsprogram. Målsetjinga er at Austrheim skal verte ein meir attraktiv stad å bu, etablere bedrifter og besøkje. Fokus er på tettstadutvikling, næringsutvikling, kultur og omdømmebygging.

Planlegginga av «Austrheim heile livet» går tilbake til hausten 2007. Kommunen hadde då vore i ein fase prega av fråflytting. For å snu denne trenden starta kommunen opp ein strategisk prosess knytt til bu, leve og næring, eit næringssamarbeid med Lindås kommune med felles næringssjef/samfunnsutviklar og ein starta opp eit omdømmeprosjekt. Omdømmeprosjektet munna ut i ny grafisk profil, bevisst bruk av media og slagordet «Opne landskap, ope sinn». I arbeidet med strategi for bu, leve og næring var Ability Consulting eksternt konsulentfirma, og resultatet var en Mulighetsanalyse Austrheim kommune. Dokumentet var eit dynamisk dokument som vart endra fleire gonger i eit samspel mellom Ability Consulting og leiargruppa i Austrheim kommune. Siste versjon var 4.0.

Dokumentet introduserte «Austrheim heile livet» som arbeidstittel på utviklingsprosjektet, og definerte sju satsingsområde:

  • Kommunesentrum
  • Nordre Fonnesvågen
  • Havsport
  • Bustad
  • Turisme og reiseliv
  • Næringsutvikling
  • Langøy akuttberedskapssenter

Innanfor desse vart det utarbeidd eigne moglegheitsanalysar med unntak for Langøy akuttberedskapssenter.

I september 2010 vart utviklingsprosjektet handsama i kommunestyret (074/10).  Prosjekttittelen «Austrheim heile livet» og dei sju satsingsområda vart i denne saka forankra politisk. Det vart vidare vedteke at det skulle utarbeidast ein strategiplan med fokus på bu, jobb og fritid, og at det skulle søkjast Regionalt utviklingsprogram (RUP), som er forvalta av Hordaland fylkeskommune, om midlar. I Mulighetsanalyse Austrheim kommune 4.0 vert det operert med målsettingar knytt til befolkningsvekst, næringsutvikling og identitets- og omdømmebygging, som vart teke inn i kommunestyresaka i 2010 Strategiplan med vektlegging av bu, jobb og fritid i Austrheim (074/10). Ability Consulting fekk vidare i oppdrag å utarbeide ein prosjektplan, og utarbeidde i 2011 i oppfølginga av dette eigne moglegheitsanalysar med konkrete tiltak for dei definerte satsingsområda med unntak av Langøy beredskapssenter. Desse vart presentert for kommunestyret hausten 2011.

Det vart i 2011 søkt om fylkeskommunale RUP-midlar til fase 1 i prosjektet «Austrheim heile livet», som primært skulle gå til tilsetjing av prosjektleiar. Austrheim kommune fekk same haust tilsegn om tilskot på inntil 231.000,- frå Hordaland fylkeskommune. Frode Hervik vart tilsett som prosjektleiar i eit treårig engasjement, og tiltredde i juni 2012. Det vart sendt inn ein ny RUP-søknad på administreringa av prosjektet (fase 2), og Hordaland fylkeskommune har gitt tilsegn om tilskot på 975.000 over tre år (325.000 per år) til drifta av Austrheim heile livet, noko som gir eit vesentleg bidrag til drifta av utviklingsprogrammet.  

Dei seks delprosjekta med eigne moglegheitsanalysar er slått saman til to delprosjektgrupper:

  • Tettstadutvikling (Kommunesentrum, Nordre Fonnesvågen og bustadutvikling).
  • Næringsutvikling (Havsport, reiseliv og næringsutvikling).

I tillegg så vart det tatt inn eit nytt område. Både den overordna moglegheitsanalysa og kommunestyresaka i 2010 la vekt på fritidsaspektet for å kunne vere i god bustadkommune, og dette vart teke inn igjen under eit utvida kulturomgrep. I tillegg la ein omdømebyggingsansvaret til denne delprosjektgruppa:

  • Kultur og omdømebygging.

Omdømebyggingsdelen er ein del av omdømeprosjektet i programmet «Saman om ein betre kommune» i regi av Kommunal- og regionaldepartementet.

Samfunnsutviklingsprogrammet Austrheim  heile livet
Samfunnsutviklingsprogrammet Austrheim heile livet
Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish