Padling i Rongevær

Padling i Rongevær Børge Brundtland

Frå steinalder til olje

Vi har litt av kvart å tilby deg som kjem til kommunen vår

Kva har kystkommunen Austrheim av attraksjonar å tilby deg som turist? Dette er vel avhengig av interesser og kva forventningar du har. Det er nærliggjande å peike på skjergarden og dei flotte tilhøva for friluftsliv, padling, badeliv og fiske. 

Men kommunen har meir å tilby om du tek ein nærare kikk.

I 10.000 år har det budd folk i Fosnstraumen, og mange spanande funn er gjort både på Austrheimsida og på Radøysida.  Det er skilta med informasjonstavler som fortel om funna og om livet i steinalderen.

Kilstraumen har ein spanande historie som kan førast attende i skriftlege kjelder i Håkon Håkonssønns saga. Staden fekk kongeleg bevilling i 1610. I dag er staden prega av Kjelstraumen Vertshus som er renovert og har utvida drifta mykje og framstår som eit reiselivsfyrtårn i Nordhordland

Kunsthuset Austrheim held til i det gamle kommunehuset på Austrheim. Her finn ein ei samling kunstnarar og dyktige kunsthandverkarar. Ope kvar laurdag 11.30-14.30 eller på forespurnad.
Kontaktinformasjon: Kunsthuset Austrheim, Åråsvågen 3, 5943 Austrheim. Mob. 922 23 687 / 45607372

Er du i Austrheim anbefaler vid eg ein tur til Vardetangen. Dette er det vestlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Etter å ha vore der kan du sikra deg eit sertifikat og ei Vardetangent-skjorte. Kan kjøpast på Kjelstraumen Vertshus eller i Turistinformasjonen på kommunehuset i Austrheim. Meir om Vardetangen her

Øyanevegen er ei oppleving og ein attraksjon for seg sjølv. Den snor seg roleg i landskapet mellom øyar og sund. Her kjem du så nært havet som det nesten let seg gjere. Vil du lenger tek du ferja til Fedje. Denne går frå Sævrøy

Austrheim er ein av vertskommunane til industrien på Mongstad. Her held Statoil Mongstad, TCM, CCB Mongstad og mange fleire bedrifter til. Også eit spanande oljemuseum finn du her. Dette er verd eit besøk om du har tid. 

Web levert av CustomPublish