Adressetildeling

Offisiell adresse knyter ein bygning til vegnamn, husnummer og eventuelt bustadnummer.
Det er vedteke namn på alle adressevegar i kommunen.
 

Det skal tildelast offisiell adresse til bygningar som vert nytta til:
• bustadføremål
• fritidsføremål
• næringsverksemd
• offentleg verksemd
Kommunen tildeler adresser etterkvart som det vert sett opp nye bygg som skal ha adresse. Adressa skal som hovudregel knytast til den vegen bygningen har tilkomst frå.

Det kan også vere aktuelt å endre eksisterande adresse til dømes ved:
• ny tilkomst-veg
• fortetting av hus/ vidare utbygging
• vanskar knytt til å finna fram med den adresseringa som er
• retting av feil ved tidlegare adresse-vedtak

Det er normalt ikkje nødvendig å søkja om å få tildelt adresse.
Ein eigar kan i enkelte høve venda seg til kommunen om han/ ho ynskjer å endre adressa på eigedommen sin,
då ut frå at eit av punkta under endring av adresse er til stades.

Vilkår
Adresse skal tildelast til bygningar som vert nytta til bustad, fritidsbustad, næring eller offentleg verksemd. Det kan også vere aktuelt å tildele adresse til anna enn bygningar dersom dette har allmenn/ offentleg interesse.

Krav til dokumentasjon
Ingen krav til bruk av bestemte skjema.

Sakshandsamingstid
Adresse-tildeling vert føreteke kontinuerleg i samband med at søknad om nybygg vert godkjent.
Og seinast når eit bygg vert meldt ferdig.

Kvalitetsmål
Målet er å få ei eintydig og oversiktleg adressering som gjer det lett for publikum, redningstenester, privat og offentleg tenesteyting og andre å finna fram.

Anna informasjon
Syner til informasjonsbrosjyre:
• Orientering om adresser i region Nordhordland og Gulen, utarbeidd av Regionrådet Nordhordland IKS
• Krav til skilting av adresse; Adresseforskrift
• Vedtekter for utforming og plassering av adresse-skilt

Adresse-tildeling og vedtak om adresseendring er eit enkeltvedtak, med 3 vekers klagefrist! Ei eventuell klage skal du senda til den instansen som har fatta vedtaket. I klagen skal det koma fram kva du ynskjer å endra og grunngjeving for dette. Fylkesmannen er klageinstans. Før klagen vert sendt til Fylkesmannen, skal den instans som har fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endra det. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen. Kommunen vil kunne vera hjelpsam med rettleiing.

Kommunestyra i region Nordhordland og Gulen har vedteke at det skal tildelast offisielle veg-adresser i heile regionen.

Korleis går eg fram?
Offisiell gateadresse vert normalt tildelt i samband med byggjesøknad. Dersom det er feil eller manglar ber ein publikum ta kontakt med Austrheim kommune og gje melding om dette.

Søknad/ førespurnad om adresse sendast til:
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim
eller på e-post:
post@austrheim.kommune.no
 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish