Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet er samansett av politikarar og arbeidstakarrepresentantar. Medlemmene i Formannskapet utgjer arbeidsgjevarsida (7 medlemmer) og dei 4 resterande vert valde av arbeidstakarorganisasjonane i samsvar med reglane i Hovudavtalen. Dette såleis eit partssamansett utval, oppretta med heimel i kommunelova § 25, og saker av overordna karakter som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette skal behandlast i utvalet.

Administrasjonsutvalet skal behandla overordna retningsliner for personalpolitikk, herunder utviklings- og omstillingsprosessar, reglement, instruksar og andre saker av prinsipiell karakter i høve til kommunen sitt arbeidsgjevaransvar. Utvalet har vidare uttalerett i ulike saker slik dette går fram av reglementet.

Saker om førebuing til og gjennomføring av forhandlingar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane fell utanfor utvalet sitt ansvarsområde.

Medlemer 2015-2019:

Medlemer
Ordførar Per Lerøy, Ap,leiar
Varaordføra Anne Dahle Austrheim, KrF, nestleiar
Jorund Stellberg, H
Jan Erik Espelid, V
Siri Kaland, Ap
Inger Aasen, Fagforbundet
Geir Follesø, Utdanningsforbundet

 

Web levert av CustomPublish