HeimSkule og utdanningPermisjon og fri frå undervisninga

Permisjon og fri frå undervisninga

Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gi permisjon. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Kyrkja den norske, har rett til permisjon på trossamfunnet sine heilagdagar. Foreldra/dei føresette må sørgje for naudsynt undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når ho eller han er tilbake.

Søknad om permisjon sender du inn via webversjonen av Visma Flyt skule - Føresettportalen.

Klikk her for å lese meir om føresettportalen.

Kriterium/vilkår:

Permisjon kan berre gjevast dersom det vert vurdert som forsvarleg for eleven si opplæring.

Relevante moment som vert tatt med i vurderinga av ein permisjonssøknad, er blant anna:

  • Om permisjonen er til ulempe for eleven i høve til fagleg utvikling
  • Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
  • Eleven sin permisjonshistorikk

I desse situasjonane kan skulen gje permisjon under føresetnad av at det er forsvarleg:

  • Deltaking i idrettsleg konkurranse/stevne
  • Deltaking i kulturell konkurranse/stevne

I grunnskulen i Austrheim skal det normalt ikkje gjevast permisjon for meir enn inntil 10 dagar pr. skuleår.

Det vert ikkje gjeve permisjon til:
  • I periodar med statlege kartleggingsprøvar
  • I periodar med nasjonale prøvar
  • I periodar med eksamenar, munnleg og skriftleg, inkludert førebuingstid
  • For grupper av elevar
  • For eit tal einskildelevar slik at dei dannar ei gruppe – t.d. ved turar i regi av foreldre

Foreldre/føresette til elevar som har rett til permisjon fordi trussamfunnet dei tilhører har heilagdag, må sørgje for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den ålmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Lovheimlar:

Forvaltningslova, klikk på lenka for å gå til Lovdata.no:

Opplæringslova § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa:

«Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.»

 

Ny opplæringslov §2-2 (gjeld frå 1/8-24): Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.


Sist oppdatert: 30.04.2024
Publisert: 18.12.2018