Kunngjering: Planstrategien er vedteken
Slik er vedtaket frå kommunestyret:
Planstrategi for Austrheim kommune 2020-2024 vert godkjent. Grunngjevinga er gjeve i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova sin § 10-1.
Styringsgruppa for planstrategiarbeidet er formannskapet.
Den kommunale planstrategien skal vera eit hjelpemiddel for kommunestyret til å avklara kva planoppgåver Austrheim kommune skal prioritera i valperioden. Planstrategien drøftar og kommunen sine strategiske val knytta til samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, miljøutfordringer og sektorane sine arbeidsoppgåver. Planstrategien skal vedtakast av kommunestyret minst ein gong i kvar valperiode. Det er ikkje mogleg å klaga på vedtaket av den kommunale planstrategien. Planstrategien kan lesast på Austrheim kommune sine heimesider.
Her finn du planstrategien for 2020-2024:
Her finn du kommunestyresaka om planstrategien for 2020-2024, og dei ulike innspela: