HjemNyheterUngdommar i Austrheim – søk sommarjobb i kommunen!

Ungdommar i Austrheim – søk sommarjobb i kommunen!

Det er behov for folk innan:

  • Kjøkken og reinhald på Nordliheimen
  • Omsorg på Nordliheimen
  • Heimesjukepleia
  • Heimehjelp (vask av hus)
  • Tenesta for personar med nedsett funksjonsevne
  • Barnehagane

Arbeidsoppgåvene varierer naturleg nok etter kvar du søker og ev. får jobb, men her er det mykje kjekt og variert arbeid å bryna seg på. Sommarjobbane er tre veker samanhengande innanfor tidsrommet veke 26 til veke 33, eventuelt meir enn tre veker om kommunen har behov for det, og du har tid og lyst. Det vil også vera mogleg å få jobba litt vidare som ekstravakt/helgevakt, i dei tilfelle kommunen treng det.

Eigne pengar og viktig erfaring

Å ha sommarjobb gjev deg eigne inntekter, i tillegg til at det er ein god måte å testa aktuelle yrke, og framtidige arbeidsgjevarar kan sjå at du har løyst ulike arbeidsoppgåver.

Du kan søka frå det året du fyller 16 år, til det året du fyller 18 år.

Alle som vert tilsett må signera teieplikterklæring, for enkelte stillingar må ein også levera godkjent politiattest (kommunen hjelper deg med det brevet du treng for å søka politiattest).

Dette tar du med i søknaden:

  • Om du vil jobba vekene 26-28, 29-31 eller 32-33.
  • Om du kan tenka deg å jobba fleire veker enn tre.
  • Når du ev. har planlagt å ha ferie.
  • 3 alternativ for sommarjobb, i prioritert rekkefølge.

Arbeidsgjevar fordelar søkjarar til arbeidsstad og arbeidsperiode etter behov, så det er ikkje sikkert at alle får oppfylt sine ønskje.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Elin Veland Erichsen, som er leiar for sommarjobb for ungdom, på e-post elin.veland.erichsen@austrheim.kommune.no

Du søker på denne sida: Sommarjobb for ungdom i Austrheim kommune


Sist oppdatert: 20.03.2024
Publisert: 20.03.2024